Øyros er Gry sin første kalv. Ho blei påbegynt i ei heit stund i floren hos Lars Kittelstad i Smågardan oppe i Åseral. Farskapet vert tilskrive stuten Oskar, som gjorde jobben med stor entusiasme.
Øyros blei fødd midt i oktober ute på Staivodden sin Øygard i 2014. Me har aldri nokon tid blitt så spent av ein nyfødd kalv. Spenne gjorde ho også då ho kom i hus. Ho greidde å gi Marianne ein på tygga, før vi endeleg fekk ho i kalveboksen. Ho var ikkje gamal før ho hoppa over til dei store. Trass i litt juling, så greidde ho seg godt der inne.
